Fosnavåg_Kvalsvik

Knutsen_Olav.jpg

Olav O. Knutsen1918

Navn
Olav O. Knutsen
Fornavn
Olav O.
Etternavn
Knutsen
Født 14. juni 1918 35 33
Brors fødselKnut Øyvind Knutsen
15. juni 1922 (Alder 4 år)

Brors fødselArne Knutsen
12. april 1925 (Alder 6 år)

VielseMary Andersd. FoldeVis familie
1949 (Alder 30 år)

Datters fødsel
nr 1
Dina Knutsen
21. januar 1950 (Alder 31 år)

Forelders vielseOle Andreas Martinus Knutson FosnavågAgnes JohannesenVis familie
1950 (Alder 31 år)

Datters fødsel
nr 2
Marion Knutsen
18. november 1951 (Alder 33 år)

Datters fødsel
nr 3
Ann-Elisabeth Knutsen
3. april 1953 (Alder 34 år)

Sønns fødsel
nr 4
Olav Knutsen
21. oktober 1954 (Alder 36 år)

Mors dødSerianna Ivarsd. Stokkeland
17. juni 1962 (Alder 44 år)

Dødja

Familie med foreldre - Vis familie
far
mor
Vielse: 1903
21 måneder
eldre søster
20 måneder
eldre bror
2 år
eldre søster
2 år
eldre søster
18 måneder
eldre søster
6 år
han selv
4 år
yngre bror
3 år
yngre bror
Fars familie med Agnes Johannesen - Vis familie
far
stemor
Vielse: 1950
Familie med Mary Andersd. Folde - Vis familie
han selv
hustru
Vielse: 1949
13 måneder
datter
22 måneder
datter
16 måneder
datter
19 måneder
sønn

Notat

HERØYBOKA UTE I KRIG Herøyværingar utalands 1940-45 Av Bjarne Rabben

HERØY SOGELAG Volda Trykkeri - Volda - 1987

Olav Knutsen (1918 - ) Foreldre Serianna og Ole Knutsen, Fosnavåg.

Olav var med i krigen i Noreg i april 1940 og var stasjonert på Åndalsnes. Der var han m. a. med og lasta gullsendinga frå Noregs Bank inn i eit naust, der det låg til det vart transportert vidare. Han kom heim att ein av første dagane i mai, hadde trakka og gått mest heile vegen. Til Fosnavåg hadde det kome ein tropp engelske soldatar, som hadde med seg ein tysk spion. Desse ville kome seg over til England, og Olav vart med Johan Vike, som tok ut med båten sin, M/ K «Sandvikhorn», 7. mai 1940. Til mannskap elles var Sigmund Stenersen frå Fosnavåg med. Dei gjekk i fylgje med Hans Feie sin båt «Vestern», som også hadde engelske soldatar med. Kompasen på «Sandvikhorn» var i uorden, så dei heldt på å fare ut i Atlanteren, men tok seg inn att på rett kurs og kom inn til Baltasound. Der vart dei møtte av ein armert trålar, som tok om bord soldatane. Med så gjort ville Johan Vike og likeins Hans Feie på «Vestern» ta vegen heim att. Det fekk dei ikkje. Dei fekk ordre om å gå til Lerwick. Olav var i uniform og melde seg med ein gong til den engelske hær. Etter at han hadde gjort vakt-teneste ved eit lager med flybensin to-tre veker, vart han send til Edinburgh og vidare til Hamilton og kom der i ein leir saman med 3-4 hundre norske kvalfangarar. Der var han med og tok til fange den tyske minister Rudolf Hess, Hitlers nærmaste medarbeidar, som hadde floge over til Skottland og landa i ein potetåker i nærleiken av Hamilton. Frå denne leiren vart somme sende til marinen, somme til flyvåpenet, og somme rømde til London eller andre byar i England, fortalde Olav. Han vart verande i hæren og vart utteken til vakt ved det norske regjeringsbygget i London. I den tenesta var han to-tre månader, då den harde bombinga der stod på. Han vart med på å sløkkje brandbomber og sprengbomber og plukke opp og køyre vekk lik. Han kom uskadd frå det, men fleire av kameratane hans vart drepne. Etter den vakt-tenesta kom han tilbake til Skottland og kom l. oktober 1942 med i den norske kommando-tropp 5 i Inter Allied Commando, som var skipa om våren det året. I denne troppen var dei 60-70 mann, som var utplukka og skulle trenast og øvast opp til særskilt hard spesialteneste i krig. Dei gjekk igjennom den hardaste trening innafor den engelske hær. «Vi skaut med skarpt under springmarsj, skaut gjennom åreblad, brukte kajakkar, gjekk etter dødsliner over fossar, hadde tre døgns utmarsj utan mat, sumde over elvar, måtte leve på gras og slikt som vi fann i terrenget, måtte klare oss sjølve - - - Dei som stod seg i treninga, fekk den grøne huva og var kommandos.» Slik skildrar Olav denne hardtreninga, som gjekk føre seg i Achnacarry i Skottland. Til treninga høyrde også fallskjermkurs. Det òg var Olav med på, og etter sine 8 hopp var han utdanna fallskjermhoppar. Soldatane i denne troppen vart sette i teneste på MT-båtar på tokt til norskekysten og på patruljeteneste i Kanalen. I den tenesta var dei til juni 1944, då dei allierte gjekk til invasjon i Normandie. Straks føre invasjonen var kommandotroppen med på ein stormanøver. Eit par millionar mann vart lasta inn på båtar ved Dover, dei skulle ut i Kanalen. Dette var for å lokke ut dei tyske flya, så det engelske flyvåpen kunne få skyte ned mest mogleg og såleis redusere den tyske flystyrke føre landgangen. Tyskarane forstod bløffet og sende ikkje opp eit einaste fly. Då dei allierte gjorde landgang og rykte fram på kontinentet, melde det seg vanskar med forsyningane til hæren. Dei måtte ha fri innsigling til Antwerpen om det skulle lukkast å få forsyningar fram til. fronten. Og skulle sjøvegen til Antwerpen bli fri, måtte øya Walcheren erobrast. Det tyske forsvaret der var på 15-20 tusen veltrena og krigsrøynde soldatar. Øya var eit einaste festningsnett med kanonar og luftskyts over alt, og miner var utlagt på strendene. I åtaket på Walcheren var den norske kommandotroppen med mellom dei 3000 kommandos frå alle allierte styrkar. Dei hadde hatt trening nettopp med tanke på landgangen og framrykkinga der. Øya var skapt som ei steikepanne: Kantane omkring med det kompakte festningsnettet og landskapet innafor, som var lågare enn havflata. Slik skildra Olav landgangen og kampane på Walcheren desse novemberdagane i 1944: «Vi hadde tungt utstyr, du kunne ikkje symje, då sokk du, du kunne gå på tærne og leggje deg framover og prøve å symje på den måten. Vi hadde mellom anna tommygun og amerikansk automatgevær, kampkniv, og kvar mann skulle ha 6 eller 4 handgranatar. Så fekk du ikkje lov til å ha hjelm, du skulle ha den grøne huva. Det var for å dempe kampmoralen til tyskarane, for dei vart livande redde når dei såg kommandos i i terrenget. Vi marsjerte til Ostende, der vart vi innlasta, og vi lasta om bord landgangsbåtar. Vi norske var fordelte på to landgangsbåtar. Vi brukte amñbietanks, seks på kvar landgangsbåt, dei kunne gå på sjøen, gjorde sine 7 knop, og* dei sat vi oppi. Vi hadde støtte av ein heil del krigsskip, der i blant den berømte «Warspite» som hadde operert på Narvik hamn, og så var det kryssarar, MTB'ar, rakettbåtar. Vi nærma oss festninga, alt gjekk stilt, heilt stilt, til det brått vart opna eld, det var som heile kysten livna. Av 200 landgangsbåtar var det berre 20 som kom i land. Den båten vi var på, fekk to fulltreffarar. Første tropp kom heilskodde i land på venstre flanke, dei fekk dekke oss, heldigvis. Vi fekk først ein fulltreffar i sida og så ein fulltreffar i baugen, så vi ikkje fekk ned fall-lemmen, det var den som skulle hjelpe oss, vi skulle sitje og køyre direkte i land. Vi fekk ordre om å hoppe på sjøen og symje i land - - intens mitraljøse-eld på oss over alt, flammekastarar, fastmonterte flammekastarar som var ladde med tjukkolje, fekk du på deg den, så grodde ikkje såra. Og så var det miner, trakka du på dei, så - - Når vi kom symjande opp, var det eit stygt syn som møtte oss. Heile sjøen, eller stranda, var raud av blod. Vi trudde det var vrakgods som låg der, og så viste det seg at det var folk som låg der og dylpa att og fram slik som du ser taren i storebåra, det var døde folk, nordmenn og av alle nasjonar som var med der - - - - Så rykte vi fram, vi skulle ta ein by som heiter Westkapelle, eit viktig knutepunkt for dei allierte. Eg var i eit maskingeværlag, vi var tre mann. Så fall ein av skyttarane, og eg måtte overta etter han, han fekk kløyvd panna si. Vi låg på ei opa slette under stadig mitraljøse-eld og gav han førstehjelp - Rolf Solem heitte han. Vi hadde ikkje dokter, men vi hadde morfin, vi måtte gje han morfin og stoppe blødninga. Endeleg fekk dei tak i sjukeberarar som fekk overta han, og vi fekk rykkje vidare fram under stadig mitraljøse-eld, kanon-eld og - - - 0g der - - - kor lenge vi kjempa der til vi kom fram og fekk samle oss med dei andre i kompaniet, det hugsar eg ikkje. Vi kunne ikkje gjere greie for tida, det var som med Israelshæren i Gibeon, då sola stod still - dette vart det snakka om i Parlamentet -. Så greidde vi å ta dei første stillingane og fekk konsolidere oss, somdet heiter. Då sette det inn med eit forferdeleg uver, full storm og regn, så vi fekk ikkje forsyning. Vi skulle ha hjelp av det norske flyvåpenet, men dei kunne ikkje, det var for stygt ver. Det gjekk ut ordre om at vi måtte ha flystøtte med ein gong, troppen blør seg i hel på stranda -. - - Då var det kome så langt at det mørkna mot kvelden - mørkt var det heile tida av bombardement og eld og svineri. Der kjempa vi då, tok stilling for stilling og rykte vidare fram, tok Westkapelle. Første timane tok norske avdelingar 300 fangar. Dei soldatane vi kjempa mot, var tyske fligers, det var dei hardaste soldatane tyskarane hadde, altså fallskjermtroppar og ein del SS. Soldatane var ålreit, dei gav seg over, men offiserane deira var stivnakka nasistar, dei ropte Heil Hitler! og stupte, dei gav seg aldri over. Og kor lenge det foregjekk seg der - -. Ja, vi fekk no avløysing, så vi fekk kvile litegrand. Vi heldt på åtte-ni døgn før vi tok Walcheren. Å sove under dette var ikkje råd, for nervane stod på høgkant, men du kunne strekkje kroppen og roe deg ned og på den måten kvile og slappe av, men ikkje søvn, det var ikkje å tenkje på. Det var ei spesiell historie der. Vi låg i ei kyrkje om natta. Lagføraren vår, Erling Dahl frå Bergen - - vi vakna av piano- eller orgelmusikk, det var han som spela, det var ein melodi frå ein tysk opera, Beethovens «Til Elise» - - - Vi hadde ikkje mat, og så såg vi noko som kom symjande i ei gate, det viste seg å vere ein halvvaksen gris. Så var det å få tak i han då. Vi hadde med oss kokk. Men så hadde vi ikkje noko .å steikje eller koke på, vi. fann eit tomt oljefat. Det smaka no olje, veit du, men det gjekk ned på høgkant. Dika der var sprengde av bombing. Bombinga kløyvde heile Walcheren, så der vart overfløymt i midten, der såg du berre hus og kyrkjetårn som stod opp. Så måtte vi operere på tarmane rundt om, og tyskarane hadde maskingevær-reida sine og kanonstillingane og flammekastarane der, dei visste kva som ville kome. Det var det vi måtte kjempe ned.» Til Olav si kampskildring kan vi leggje til det som står i Otto Ruge: «Den annen verdenskrig III» om erobringa av Walcheren: «Onsdag l. november l944. Allierte, der iblant norske, commandos er gått i land på Walcheren og oppretter to brohoder der. Westkapelle og storparten av Vlissinger erobres. Samtidig har andre styrker, som har kjempet seg fram langs vegen fra Beveland, fått fast fotfeste på øya. Tirsdag 7. november l944. Tyskerne på Walcheren har måttet trekke seg tilbake til øyas nordvestkyst, omkring Middelburg. Sydbredden av Hollandske Diep og Maas' nedre løp er på allierte hender. Onsdag 8. november 1944. - - Den tyske motstand på Walcheren er praktisk talt slutt. Dermed har de allierte innseiling til Antwerpens viktige havn.» Ei særskild hending hadde fest seg i minnet hos Olav: «Då vi hadde tatt Walcheren, var det nokon som spurde etter eit norsk flagg. Då var det ein som ropte at han visste om ein, og det var sersjant Øivind Lærum. Han hadde vore med på eit tokt til Norge, og på tilbakevegen heldt MT-båten på å søkke, dei stod og auste i iskaldt vatn for å klare å kome seg inn til Shetland. Flagget vart berga. Og fordi dei gjorde ein så god jobb, desse kommandos som var med, så fekk han dette flagget. Det hadde han sidan med under uniformen. Dette flagget fekk dei. Dei sette det på ein staur som låg der, og så sette dei flagget på ein sundskoten radarstasjon - det norske flagget. Det vart seinare overlevert til Akershus festning.» Då dei hadde teke Walcheren, trudde dei at dei skulle få permisjon og slappe av, fortalde Olav. «Nei, det vart oppstilling med ein gong og vidare fram i fremste linje på nytt. Der var vi då og dreiv patruljering langt bak tyskarane sine linjer, tok fangar og skaffa opplysningar om kva slags avdelingar som låg på andre sida av Maas. Det skulle dei ha greie på i samband med ein storoffensiv som Montgomery heldt på å gjere klar. Han kunne ikkje setje i gang den offensiven før han hadde Antwerpen og fekk forsyningar derifrå.» Den norske kommando-troppen var der nede på kontinentet til våren 1945. Då vart dei lasta inn på amerikanske landgangsbåtar og førde til London, der dei skifte ut uniformene med sivilkler og vart den 30. april 1945 sende til Sverige. Der låg nye uniformer klar. Dei skulle overta den norske polititroppen som var der. Då dette var i orden, heldt dei seg klar ved grensa og venta på ordre til å rykkje inn i Noreg. Tyskarane hadde 340.000 mann med fullt utstyr der, og ein måtte vere budd på at dei kunne gå til kamp. Til all lukke gjorde dei ikkje det. 10. mai 1945 rykte den norske kommandotroppen inn til Oslo og overtok slottet og stod vakt der to-tre veker. Han gifte seg i 1949 og hadde sin heim i Fosnavåg, der han dreiv fiske. «Eg vart nøydd å drive fiske og tene litt pengar,» fortalde han. «Vi fekk ikkje noko hjelp frå staten, vi fekk 200 kroner å kjøpe kler for, kva var no det? Dermed var dei ferdige med deg. Det var ikkje nasjon som var så dårleg behandla som nordmennene. Betalinga borte i England var to pund og fem for veka, det var halvparten av det andre nasjonar hadde.»

Olav flytte med familien til Nøtterøy i 1966.


1946: Vakthold i Ålesund under et besøk av kong Haakon 7.

YouTube

http://www.youtube.com/watch?v=SZC4G0kBVO0 Battle of Walcheren - Operation Infatuate 1944. Program fra 1984 til minne om kampene ved Walcheren 40 år tidligere. (Lavt lydnivå.)

http://www.youtube.com/watch?v=xIber1VFkn4 Trugkieke 40-45 afl. 1 januari - Commando's vallen Walcheren aan Fra den norske troppens innsats i Walcheren.

MedieobjektKnutsen_Olav.jpg
Knutsen_Olav.jpg
Formatering: image/jpeg
Dimensjoner: 480 × 660 punkter
Filstørrelse: 56 KB
Datatype: Bilde
MedieobjektKnutsen-Olav-Høyt-dekorert-kommandosoldat.jpg
Knutsen-Olav-Høyt-dekorert-kommandosoldat.jpg
Formatering: image/jpeg
Dimensjoner: 836 × 1 920 punkter
Filstørrelse: 223 KB
Datatype: Bilde