Fosnavåg_Kvalsvik

Berge_Johannes_Svarthaug_DSI_4639.JPG

Johannes Elias Gustav BergeAge: 88 years18841972

Name
Johannes Elias Gustav Berge
Given names
Johannes Elias Gustav
Surname
Berge
Birth August 16, 1884 33
Death of a maternal grandmotherBerte Ingeborg Knudsd. Brautaset (- Bjørdal)
June 5, 1889 (Age 4 years)
Death of a maternal grandfatherGulik Jonson Ervik
December 29, 1900 (Age 16 years)

Death of a motherSevrine Rasmine Eline Berge
November 19, 1944 (Age 60 years)

Residence
Berge Nedre, gnr 29, Svarthaugen
Latitude: N62.33650606 Longitude: E5.6659991

Death September 3, 1972 (Age 88 years)
Note

Svarthaugen var ein plass under Berge Nedre,og stova låg rett bak Videbø-bnr. 12 og rett ved grensa mot Berge Øvre. Gullik Jonsson frå Ervika i Volda og Berte Ingeborg Knutsdotter frå Brautaset i Ørsta var plassefolk her. Dottersonen deira, Johannes Elias Gustav, tok over etter dei.

Berte og Gulik hadde med seg ei stove frå Ørsta og sette den opp på Svarthaugen ein gong midt på 1800-talet. Svarthaugstova var truleg den siste røykstova som stod att i Herøy. Det var fjøs i kjellaren og tilbygd løe i eine enden. Stova vart riven i 1978, og materialen vart lagra på prestegarden i Stokksund.

Johannes Elias Gustav Berge var son til Sevrine Rasmine Eline (2/ 8 1851 - 19/11 1944). Ho var syster til Karl Johan Gulikson Berge, min oldefar på farsida, og ho vart ofte berre nemnd som 'bestefarsystra'. Sevrine fekk Johannes utanom ekteskap, og ho vart aldri gift. Far til Johannes var Sevrin Johannesson Grimstad, Hareid.

Johannes budde på Svarthaugen på Nedre Berge. Johannes vart oftast berre kalla 'Svarthaug', men han sjølv mislikte det sterkt. Det vert fortalt at han var svært knytt til mor si, og han stelte for henne så lenge ho levde. Då ho døydde, skal Johannes ha sagt at no hadde han ikkje noko meir å leve for. Som 'uekte' barn var både han og mora merkte i lokalsamfunnet.

Han var også kjend med Johannes Kvalsvik, min bestefar på mor-sida, for dei hadde vore saman i militærteneste. Det kan nemnast at begge Johannes'ane i lag skifta ut vindauga på huset vårt i Fosnavåg. Han var ofte på besøk heime hos oss i Fosnavåg. Etter ein god middag sette han seg gjerne ned med avisa medan han song salmar som han kunne utanåt. Han var ein god ven med mine besteforeldre og foreldre og hjelpte mykje med arbeid på huset og sjøbua. Han vart rekna som svært arbeidsam. Han var også svært nøysam. Fekk han eller tente han noko, hadde han sjeldan råd til å bruke det. Han levde sine siste år på aldersheimen på Eggesbønes.


Aksel Knutsen

Media objectBerge_Johannes_Svarthaug_DSI_4639.JPG
Berge_Johannes_Svarthaug_DSI_4639.JPG
Format: image/jpeg
Image dimensions: 404 × 450 pixels
File size: 58 KB
Type: Photo
Media objectSvarthaugstova_DSI_4643.JPG
Svarthaugstova_DSI_4643.JPG
Format: image/jpeg
Image dimensions: 1,200 × 710 pixels
File size: 283 KB
Type: Photo
Media objectSvarthaugstova.jpg
Svarthaugstova.jpg
Format: image/jpeg
Image dimensions: 1,200 × 773 pixels
File size: 415 KB
Type: Photo
Media objectBerge_Johannes_Utanfor_Svarthaugstova.jpg
Berge_Johannes_Utanfor_Svarthaugstova.jpg
Format: image/jpeg
Image dimensions: 1,170 × 756 pixels
File size: 324 KB
Type: Photo
Media objectBerge_Johannes_og_Sevrine.jpg
Berge_Johannes_og_Sevrine.jpg
Format: image/jpeg
Image dimensions: 698 × 1,000 pixels
File size: 180 KB
Type: Photo
Media objectBerge_Johannes_ung.jpg
Berge_Johannes_ung.jpg
Format: image/jpeg
Image dimensions: 648 × 1,000 pixels
File size: 158 KB
Type: Photo
Media objectBerge_Johannes_Gravminne_DSC_2811.JPG
Berge_Johannes_Gravminne_DSC_2811.JPG
Format: image/jpeg
Image dimensions: 1,000 × 863 pixels
File size: 442 KB
Type: Photo